Marie Tveiten
– Varm, nær og fandenivoldsk visepop frå Telemark
Marie Tveiten frå Seljord har på kort tid markert seg som eit av dei mest spennande nye namna frå Telemark. Ho skriv låtar på sin eigen Vest-Telemarkdialekt, og lagar varm, nær og tidvis fandenivoldsk visepop.
Ho har allereie funne vegen til mange radiolyttarar, mellom anna med låtane «Heilt tilfeldig» og «Ein å kvile augo på», sistnemnde i lag med Inge Bremnes.
I juni sleppte ho debutalbumet "Ingen kjenner meg som deg" – eit album om katastrofetankar, datingnerver, oppbrot og ein far som ikkje klarer å seie «glad i deg».
Med låtar som både svir og varmar, er Marie Tveiten klar for å setje sitt preg på sommarkvelden på Beitostølen!