Storeføss

Storeføss - lokalt sprengstoff klare for å detonere

 

Storeføss er lyden av fire underjordiske elveløp der 40 år med musikk
er filtrert gjennom grus og sand før elvene brått samla seg og til
alles store skrekk og utan varsel fløymde over i eit frådande stryk av
gitarbasert rock på Øystre Slidre-dialekt.

Bandet har dei siste par åra gjeve ut tre EP-ar og spelt eit lite
knippe halv- og heiloffentlege konsertar.

“Eit fyrverkeri på scena”, sa folk, men dei sa ikkje at dette var fire
ulovlege pinnerakettar frå 80-talet ute av kurs over skistadion på
Beitostølen. Lunta er tend, kom på konsert. Pang!