Svenssen

– Jærsk mod-rock og trestemt Beatles-magi!

 

Svenssen starta som eit klassisk guteromsprosjekt utanfor Bryne på 90-talet – med Beatles-coverar, kassettopptak og store draumar. Etter kvart vart det eit ekte band, fleire kom til, det vart rigga for ekstra gitar og ein tamburinist som meinte alvor.

Musikken deira landar ein plass mellom britpop, 60-talshelter og herleg jærsk mod-rock. Det er melodiøst, energisk og spekka med tette harmoniar. Som liveband har Svenssen halde det gåande i fleire tiår, og har hausta stor suksess på alt frå små, intimscener til legendariske The Cavern Club i Liverpool og ymse festivalar her til lands.

Gjengen debuterte i 2009, og sidan har dei slept åtte utgjevingar til – sist med den strålande EP-en The Making of Art (2025). Oppskrifta har vore den same heile tida: skarpe riff, klokkeklar trestemt vokal, og tekstar om dei evige greiene – folk, forhold og alt som ikkje går heilt etter planen.

Gjer deg klar for ein energisk og utruleg fengjande konsert når Bryne-gjengen tek med seg dei britiske tonane sine opp i den norske fjellheimen!